Vaksenopplæring
Vaksenopplæring omfattar å gje gratis undervisning i norsk og samfunnskunnskap til dei som ifylgje introduksjonslova har rett eller plikt til det.
Elevar som ikkje har rett på gratis norskopplæring, kan få tilbod om undervisning mot betaling, dersom det er kapasitet.
Tokke vaksenopplæring tilbyr og undervisning og støtte innan grunnskule, realkompetansevurdering og intensivkurs på kveldstid ved behov, og dersom det er kapasitet.
Me har også Samfunnskunnskapsprøva. Statsborgarskapsprøva og Norskprøva A1, A2, B1 og B2 gjennomførast ved Vinje vaksenopplæring på Åmot skule - VINJE KOMMUNE.
Undervisningslokalene våre er på kommunehuset på Dalen.