Skulehelsetenesta er eit lovpålagt gratis tilbod til elevar ved vgs. Skulehelsetenesta skal bidra til at ungdom har det bra og opplever meistring både fysisk, psykisk og sosialt når dei er på skulen. Skulehelsetenesta er tverrfagleg og består helsesjukepleiar, lege, fysioterapeut. Skulehelsetenesta har eit tett samarbeid med skulen, ved behov samarbeida ein med andre tenester for barn og unge i kommunen og/ eller spesialisthelsetenesta. Det er helsesjukepleiar som utfører dei fleste oppgåver i skulehelsetenesta. Alle i tenesta har teieplikt.

 

Helsesjukepleiar i vidaregåande skule bistår blant anna med:

  • Informasjon og tiltak i forbindelse med fysisk og psykisk helse som f.eks. trivsel, kosthald, søvn, spisevegring, sjølvmordstankar, mobbing, rus, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse.
  • Samtaler og tiltak i forhold til seksualitet og samliv som til dømes prevensjon, angrepille, graviditetstest, seksuell legning, seksuelle overførbare infeksjonar og seksuelle overgrep.
  • Førebygging av psykososiale plager og psykisk belastning.
  • Samtaler om graviditet.
  • Samtaler og tiltak i forhold til rus og urinprøver.
  • Undervisning i klasser om seksualitet, rus, psykisk helse, og for russen.
  • Råd og rettleiing av foreldre.
  • Tverrfagleg samarbeid og tiltak
  • Samarbeid med skole.

 

Nyttige nettsider: