Dette arbeidet byrja i 2005 med synfaringar og folkemøte der kommunane bad om innspel til kva for endringar i gjeldande vilkår kommunane skulle krevje. Ut frå alle innspel og juridiske vurderingar, var det klart at det var grunnlag for å krevje opning av revisjonssak noko kommunestyra slutta seg til.

NVE vedtok så opning av revisjonssak våren 2007. Eit nytt moment som var kome til i samband med vassdragsforvaltning var at Noreg hadde slutta seg til EU sitt vassrammedirektiv. Det vart så vedteke av NVE at Tokke/Vinje-revisjonen skulle gjennomførast med samkøyring og koordinering mellom arbeid heimla i vassforskrifta og revisjonsarbeidet heimla i vassdragsreguleringslova. I praksis vart denne samkøyringa gjennomført ved at det felles kraftutval for Tokke og Vinje kommunar er styringsgruppe både for vassforvaltningsarbeidet og vilkårsrevisjonssaka, og administrativt har også dei same personane jobba med både vassforvaltnigsplanane og revisjonssaka.


Når revisjonssak er opna så har kommunane krav på naudsynt sakkunnig hjelp for å fremje ei god revisjonssak. Kommunane har knytt til seg FAUN Naturforvaltning v/Helge Kiland som sakkunnig hjelp og prosjektleiar. I tillegg har det vore henta inn fagekspertise frå andre naturfaglege miljø, juridisk hjelp og hydrolog også har vore engasjert i periodar.
Det er også skipa ei felles arbeidsgruppa med representantar frå kommunane, konsesjonæren (Statkraft), fylkesmannen, fylkeskommunen og andre som interesserar seg for dette arbeidet, og FAUN Naturforvaltning er sakkunnig hjelp og sekretariat også for arbeidsgruppa.

Kommunane fremja så sine krav til nye vilkår i juni 2010, og Statkraft fremja sitt revisjonsdokument i januar 2013. Saka ligg no i NVE som no skal fremje forslag til nye konsesjonsvilkår til OED.

Regulanten (Statkraft) har også nytta naturfagleg og anna eksperthjelp på side i arbeidet.

Tokke/Vinje vassområde vart med som pilotområde allereie i fyrste periode av vassforvaltningsplanarbeidet som starta opp i 2006 - og gjaldt perioden 2010 – 2015 (6 år). Det er i prinsippet dei same miljømål som vert sett i arbeidet med vassforvaltningsplanane som i vilkårsrevisjonen. Men når det gjeld regulerte vassdrag så er ein i stor grad avhengig av at det vert sett nye vilkår i vassdragsreguleringskonsesjonane for å nå dei miljømål som er sett i vassforvaltningsplanen.  Den fyrste vassforvaltningsplanen vart rullert i 2015 for perioden 2016-2021, og ein er no i ferd med å starte opp rullering med tanke på 6 års perioden 2022-2027.

Viktige milepæler sett fra Tokke kommune si side

 

  1. Brev til NVE av 6.april 2006 frå Tokke og Vinje kommunar med krav om opning av revisjonssak.
  2. Brev frå NVE til Statkraft med kopi til kommunane av 3.juli 2007 med vedtak om opning av revisjonssak i tråd med gjeldande retningsliner for dette.
  3. Brev til Statkraft av 28.juni 2010 frå Tokke og Vinje kommunar med endelege krav til endring av konsesjonsvilkåra for Tokke/Vinje-konsesjonane.
  4. Januar 2013 kom revisjonsdokumentet for Tokke-Vinjereguleringa frå Statkraft etter den oppskrift (mal) som NVE har laga for slikt dokument. Her legg Statkraft fram sitt syn på kva selskapet meiner bør eller kan endrast i gjeldande konsesjonsvilkår. NVE er adressat.
  5. NVE sender i februar 2013 Statkraft sitt revisjonsdokument (jf pkt 4 ovanfor) på høyring.
  6. Tokke kommunestyre vedtek den 15.okt 2013 i sak 13/069 Tokke kommune sitt høyringssvar til revisjonsdokumentet. Også mange andre interessentar sender inn høyringssvar.
  7. NVE gjennomfører 28. og 29.juni 2017 synfaring i vassdraget, og kommunane varslar i samband med dette ein gjennomgang av kommunane sine krav frå 2010.
  8. Statkraft legg i samband med synfaringane i juni 2017 fram sine kommentarar til mange av dei høyringssvar som har kome, der dei også strammar inn på nokre av dei miljøforbetringane selskapet har opna for i sitt revisjonsdokument frå 2013. Dette gjeld særleg å gjere om friviljuge sjølvpålagte restriksjonar om minstevassføring og magasinregulering til faste konsesjonsvilkår. Selskapet vil framleis ha fleksibiliteten og handlefridomen som ligg i at restriksjonane er sjølvpålagte og difor også kan justerast av selskapet sjølv når det er tenleg for kraftproduksjonen.
  9. 16.nov 2017 vedtek Tokke kommunestyre nye justerte krav som sendast NVE. Her er det mellom anna auka fokus på Helvetesfossen som vandringshinder for storaure og krav om fiskepassasje for å ta i bruk elvestrekningen ovanfor som gyte- og oppvekstområde for storaure.
  10. Statkraft kommenterer kommunane sine justerte krav i brev av 2.juli 2018. Her held Statkraft fast på deira restriktive syn med omsyn til å endre konsesjonsvilkåra for vassdraget:«Statkraft er av den oppfatning at fordelene ved reguleringen er så betydelige at minstevannføringsslipp og magasinrestriksjoner bør avvises».
  11. Hausten 2018 arbeider kommunane med å få fram ytterlegare dokumentasjon og argumentasjon for å overtyde sentrale styresmakter om at det er viktig med betre miljøvilkår i dette vassdraget.

Dokument som gjeld revisjonssaka

  • Du finn det meste av dokument som gjeld revisjonssaka på NVE sine heimesider, sjå her.
  • Informasjon om vassforvaltning i vassdraget finn du særleg her.

 

Om du ynskjer meir detaljert informasjon er du velkomen til å ta kontakt med saksansvarleg for dette arbeidet.