Formannskapet i Tokke kommune har i møte 20. oktober 2021 vedteke å starte opp arbeid med ny reguleringsplan for Dalen, jfr. Plan og bygningslova (pbl) §12-8. i same møte ble det vedteke å legge planprogram for reguleringsplan Dalen ut på høyring, jfr. Pbl § 12-9. Frist for tilbakemeldingar er sett til 15. desember 2021. Kommentarar til forslag til planprogram og melding om oppstart skal sendast til postmottak@tokke.kommune.no

Planen skal dekke område med busetnad, næringsverksemd og viktige naturområde på Dalen. Planområdet vil strekke seg frå Brygga og Brattestod i aust til søppelplassen og Helveteshylen i vest. Planen dekker også landbruksområda på Huvestad, Vistad og Åsland.

Hovudmålsettinga med nye reguleringsplanen er å gjere Dalen meir attraktiv for fastbuande og tilreisande gjennom å betre tilhøva for bustadbygging og vidareutvikling og etablering av arbeidsplassar. Dalen skal bli ein attraktiv stad å drive næring, bu eller være på besøk. Dette betyr at vi må sjå på sentrumsområde, bustadområde, næringsareal og viktige område for fritids- og friluftsaktivitetar.

Det er etat for plan, næring og teknisk som er ansvarleg for utarbeiding av reguleringsplanen. Dersom du har spørsmål så ta kontakt med arealplanleggar Knut Erik Paulsen på mail eller telefon. Kontaktinfo er kep@tokke.kommune.no eller tlf 350 75 200 eller 90528586.

 

Forslag til planprogram finn du her.

Vedtak i Formannskapet ligg her.

Kart over planområdet finn du her.