Tokke kommune har ledig 100% stilling som inspektør på Tokke skule frå 01.01 – 2025 til 31.07 – 2025. Stillinga er eit vikariat.
Tokke skule:
1-10 skule med 166 elevar og om lag 23 årsverk for pedagogisk personale.
På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings – og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.
Tokke skule har uteskule annan kvar fredag for 1 til 7. klasse.
Administrasjonsprosenten som inspektør er på om lag 80% i kombinasjon med omlag 20% undervisning.
Hovudoppgåver til inspektør vil blant anna vere å ha ansvar for vikarkabal, skriftleg eksamen og vil vere ein tett samarbeidspartnar i rektor sitt arbeid kring skulemiljø og utviklingsarbeid.
Me legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Pedagogisk utdanning og undervisningserfaring
- Erfaring og utdanning innan leiing er ønskjeleg, men ingen krav.
- Gode Ikt – ferdigheitar
- Evne til å lede, inspirere og motivere.
- Stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
- Tar initiativ, jobbar systematisk, er strukturert og tydeleg.
- Lyttande og inkluderande.
- Være innovativ og nytenkande.
- Evne til å skape gode relasjonar til både vaksne og tilsette.
- Positiv, fleksibel og løysningsorientert
Me kan tilby:
- Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
- Ein spanande og variert kvardag saman med flotte vaksne og tilsette
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved konstituert rektor Mona Seltveit
E-post: mona.seltveit@tokke.kommune.no
Tlf.: 916 99 148
Søknad sendast elektronisk. Lenke til skjema finn du her, eller på ei lenke rett under tittelen Ledige stillingar.
Søknadsfrist: 27.11.2024
Velkomen som søkjar!