Tomtene ligg på åsen rett ved Høydalsmo skule/ barnehage og idrettsanlegg, i sentrum av Høydalsmo. Tomtene er vende mot sør og vest, og har særs gode sol- og utsiktsforhold. Tomtene ligg inntil flotte tur- og skiløypenett. Tomtene skal opparbeidast med veg, vatn og kloakk sommaren 2022. Tokke kommune har i dag ikkje gebyr på tilkoplingsavgift på vatn og avlaup for nye bustader, og ikkje gebyr for byggesakshandsaming av ny bustad.
Bustadtomter i Bakken aust, Høydalsmo, blir selt til følgjande prisar per tomt:
- Tomt 2, 3, 4, 5, 12, 13, 14, og 15 kr 250 000,-
- Resterande tomter 1, 7, 11, 16, 17 og 18 kr 200 000,-
Tomtene med prisar og tomtestorleik finn du her: https://kommunekart.com/klient/tokke?urlid=c073a0b8-8d31-455a-ad8d-ed71793eacc3
Meir om Tokke kommune, tilbod og tenestar finn du her: Velkomen til Tokke! - TOKKE KOMMUNE
Interesserte må melde ifrå skrifteleg til postmottak@tokke.kommune.no
For nærare informasjon kan du kontakte kart- og oppmålingsingeniør Tommy Vadder Hansen på tlf 350 75 200, e-post tommy.vadder.hansen@tokke.kommune.no
Vilkår:
- Omkostningar dekkast av tomtekjøpar.
- Det er kun myndige personar som kan tinge tomt.
- Dersom det er fleire på same tomta innafor same dag, vert det loddtrekking. Dei som ikkje får tildela tomt ved loddtrekning må velje ei ny tomt. Er det fleire som ynskjer denne tomta, som ikkje har tomt etter fyrste trekning, vert det ny loddtrekning osv.
- Same person kan berre tinge ei tomt om gongen.
- Tomtekostnader vert fakturert umiddelbart og tomta må byggast innan to år frå tildeling. Byggesøknad må sendast innan eit år. Tomta vert ikkje skjøta over til ny eigar før endeleg byggeløyve er gjeve.
- Det er ikkje høve for vidaresal av tomtene.
- Ubebygd tomt vert automatisk tilbakeført Tokke kommune etter to år. Tilbakebetaling av tomtekostnader skjer umiddelbart utan rentekompensasjon. Tomta kan ikkje reknast som påbyrja om ikkje vesentleg grunnarbeid er utført (grunnmur mm).
- Det er som hovudregel ikkje høve for private selskap, firma eller liknande å tinge tomter (forskrift om offentlege ansk. mm).
Omkostningar ved kjøp av tomt gjeld gebyr for oppmåling, dokumentavgift på skøyte og tinglysingskostnader.