Tokke kommune hadde ein gjennomgang av driftstøtte til anlegg i 2020 med høyring og uttale frå Tokke idrettsråd. Kommunestyret vedtok i sak 20/20:

Retningslinjer for tildeling av driftstøtte og støtte til drift av idrett- og nærmiljøanlegg i Tokke kommune blir vedteke som framlegg til retningslinjer, med verknad frå 2021.

Det vert utbetalt ettergjeldande prinsipp og beløp, kr 230 000 i 2020. Eventuell oppjustering av beløpet vert teke i budsjettet.

 
Viser til retningslinene som ligg i vedlegget. Her kjem kriterium for driftsstøtta fram.

Retningslinjer

Ber om at kvart lag som ynskjer å søke driftsstøtte sender ein søknad til postmottak@tokke.kommune.no innan 11.05.2021.