På 1980-talet fekk framsynte kyrkjefolk etablert eit samarbeid mellom kyrkjene Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal og kyrkja sentralt. Med støtte frå kommunane blei landets fyrste prostidiakonstilling med Per Emanuelsen oppretta. 

Prostidiakonstillinga oppstod i Vest-Telemark, og vert omtala som Vest-Telemark modellen i diakoni. I dag er det fem- seks liknande stillingar. Per Emanuelsen blei vigsla 10. januar 1985 i Nissedal kyrkje. 

I år kan Prostidiakonstillinga feire 40 år. Det vert markert i Nissedal kyrkje fredag 10.januar kl. 14.30 med kake og kaffi, medan hovudmarkeringa blir på Vinjehuset sundag 27. april 2025 kl. 17. Begge stadar får me med Per Emanuelsen. 

Det er vel verdt å takke alle som gjennom åra har sett verdien av denne stillinga. Det vere sentrale kyrkjelege, så som lokalkyrkja, kommunar og samfunn elles. 

- Gje meg nokre grunner til å me skal satse på Vest-Telemark modellen i diakoni, sa ein prost eg møtte på eit kurs. Eg syntest sjølv eg kom opp med mange gode punkt: 

1. Fag møter grasrot 

2. Samkøyring og fellesopplegg 

3. Slentre utan kontor – såkalla diakonalgang. 

4. Informasjon 

5. Nær, men ikkje for nær 

6. Synergieffektar 

Men prosten såg skeptisk på meg over brilleglasa, og sa: - her trengs det mykje tru og solidaritet. Det er vel det Vest-Telemark har hatt i desse 40 åra med prostidiakon, tenkte eg. 

 

Med venleg helsing 

Eilev Erikstein

Prostidiakon i Vest-Telemark

 

Årsrapport frå Prostidiakon i Vest- Telemarkl  2024.pdf