Tilbodet vert gjeve som kombinasjonsvaksine mot difteri, stivkrampe og kikhoste (dTp) på kontroll i svangerskapsveke 24. Har ein kome lengre i svangerskapet enn veke 24, kan ein få vaksinen når ein er til neste svangerskapskontroll hjå jordmor eller lege.
Vaksinen beskyttar barnet mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet får si fyrste vaksinedose når det er 3 månadar.
Kvifor bør gravide ta kikhostevaksine?
- Kikhoste er ein luftvegsinfeksjon som kan gjere små barn alvorleg sjuke. Sjukdommen er farlegast for uvaksinera born under 1 år.
- Vaksinasjon i svangerskapet beskyttar barnet mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet får fyrste vaksinedose ved 3-månaders alder.
- Kikhostevaksinen vert tilbydd gravide i store deler av verda, og gjev spedbarn god beskyttelse mot kikhoste.
Les meir : Innføring av tilbud om gratis kikhostevaksine til gravide - FHI