Tokke kommune sitt område ned mot Bandak er eit populært friluftsområde både for våre innbyggarar og andre som besøker Dalen. I 2018 fekk kommunen laga ein skjøtselsplan for dette området som utgjer deltaet danna der Tokkeåi renn ut i Bandak. Hensikten med arbeidet er å taka vare på naturkvalitetane i området, i kombinasjon med at kommunen ynskjer å legge til rette for turisme og friluftsliv.
Praktisk skjøtsel av området ligg som en raud tråd gjennom planen. Det vil seie at nokon må ut å gjere ein stor jobb i praksis. BABU har gjort ein særs god og viktig innsats for at kommunen skal nå måla sine på Tangane. Den 5-årige skjøtselsplanen skal reviderast det neste året, og det vil også framover vere avgjerande at kommunen får hjelp av BABU med det praktiske arbeidet. Takka vere BABU sin innsats så har området allereie fått ein større verdi for oppleving og friluftsliv, samstundes som miljøverdiane vert teke omsyn til. BABU har mellom anna jobba med å halde stigar opne, laga bålplass og dei har rydda kratt slik at beitedyr kan skjøtte området i tråd med skjøtselsplanen.
Kommunen vil med dette rette ein stor takk til BABU for innsatsen på Tangane så langt, og voner at dei ynskjer å fortsette med dette også framover når ny skjøtselsplan kjem på plass. Tusen takk!