Det er vår og mange tenkjer kanskje at ein rennande nase berre er ei vanleg forkjøling. Men for å handtere pandemien best mogleg ar det særs viktig at alle som utviklar symptomar på luftvegsinfeksjon tek ein covid-19 test. Det er på den måten ein kan oppdage koronasmitte tidleg og hindre at viruset får spreie seg vidare.
FHI har oppdatert sine kriteria for testing, og du finn dei her:
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/testing-og-oppfolging-av-smittede/testkriterier/?term=&h=1
Har du symptom på luftvegsinfeksjon skal du halde deg heime.