Rutinar for smittevern vil framleis påverke det som skjer i barnehagen, men me ynskjer å flette saman godt smittevern med god pedagogisk praksis og planlegg for leik og hygge.
Smitteverns arbeidet vårt tek utgangspunkt i dei statlege føringane for smittevern i barnehagen under Covid-19 utbrot 2020, utarbeidd av Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet.
Smittevern i kvardagen
Opningstid 06:45- 16:45
Koronaepidemien har ført til store endringar i kvardagen. Endringane har også påverka den pedagogiske praksisen.
Me ynskjer å gje barna gode erfaringar, nyttig kunnskap og halde fram med gode hygienerutinar gjennom lystbetonte aktivitetar.
- Ingen skal møte i barnehagen dersom dei er sjuke. Flytskjema vil bli bruka.
Føresette og tilsette må vurdere symptom på luftvegsrelaterte sjukdomar. Alle må bli heime til ein er symptomfri.
Dersom sjukdom oppstår i barnehagen blir barnet skjerma og føresette må hente barnet så raskt som mogleg. Det er viktig at me alltid kan nå dykk mens barnet er i barnehagen. Ein vaksne vil alltid vere i lag med barnet i denne ventetida.
- Barna blir møtt ute, hovudsakleg ingen foreldre inn i barnehagen (unntak for nye barn der ein må ivareta tryggleik). Ringeklokke vil bli montert ute på kvar fløy.
- God hand- og hostehygiene
Det fyrste som skjer når barna kjem til barnehagen er at barna saman med ein vaksenvaskar hendene. Me brukar hovudsakleg såpe og vatn.
Me gjentek handvaskrutine kvar gong me går inn og ut av barnehagen, før og etter måltid både inne og ute. Etter toalett- og stellesituasjonar. Og ved synleg skitne hender.
På tur blir våtserviettar og handdesinfeksjon brukt.
Leiker og kosedyr bør ligge att heime. Barn som treng kosefiller/ kosedyr til søvn/ tryggleik er sjølvsagt greitt.
- Alle barna må ha med mat. Denne ordninga vil vare fram til jol.
Alle må ta med mat for ein heil dag i barnehagen, drikke får dei her i barnehagen.
- Me avgrensar antal nærkontaktar i løpet av dagen.
Eit av smitteverns tiltaka er at barna skal ha færre sosiale kontaktpunkt i løpet av barnehagedagen. Barn på same avdeling kan leike i lag som normalt. To avdelingar kan samarbeide for praktisk gjennomføring av barnehagedagen. Me kjem til å bruke naturen rundt barnehagen for å sikre sosial distanse.
Erfaringar som barn får på tur i nærmiljøet og på leikeplassen er viktige for barns motoriske , kognitive og sosiale utvikling. Det å vere ute gjev oss gode rammer for aktivitet samtidig som smitteverns tiltak er lett å gjennomføre. Uteområdet blir oppdelt i soner.
Tryggleik og tilknyting
Å starte opp i barnehage er ei stor hending for barn og familie. Me ynskjer å legge til rette for at barna skal få ei trygg og god start. Dei nye barna og føresette vil få informasjon av sine pedagogisk leiarar om korleis tilvenninga skal gå føre.
I haust må me ivareta både smittevern reglar og tilvenningsrutinar, me har god plass og gode rutinar frå før så dette har me tru på at skal gå bra.
Likevel ynskjer me å minne om at føresette må hugse å halde ein meters avstand til andre føresette og barn. God dialog mellom heim og barnehage blir også viktig.
Meir informasjon om tilvenning og overgang sjå her.
Linkar til meir informasjon: