Alle bustader vil verta omtala, og det er fint om du/de kan fylla ut dette skjemaet, slik at opplysningane om din bustad og familie vert så fullstendige som mogleg.
Det vert mange bilete i dei nye bøkene, og mange bilete, spesielt eldre bilete, er alt samla inn. Dersom du/de har bilete som du/de ynskjer å få med, også nyare bilete, ver venleg ta kontakt. Det kan gjelda bilete av familie, hus og arbeidsliv.
Ved spørsmål og innspel ta gjerne kontakt med forfattar Arvid Skogseth, telefon 99 53 24 39 og e-post: arviskog@online.no.
Skjema kan sendast på epost til arviskog@online.no eller på sms til 99 53 24 39. Du kan og levere skjemaet på kommunehuset på Dalen eller sende det til Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen.
Dersom du ynskjer å få tilsendt skjema i posten kan du ta kontakt med Tokke kommune på telefon 35 07 52 00.
Skjemaet kan du laste ned her
Det er fint om du/de kan svara snarast råd, men helst innan 31. desember 2024.