Tradisjonelt har mange ungdomar samla seg ved brygga på Dalen og friområdet på Tangane kvelden før 1.mai.
Kommunen ynskjer å vise at me bryr oss om ungdomane våre og har som mål å skape ei trygg ramme for dei som samlar seg med særleg merksemd på smittevern, ro og orden, skjenking til mindreårige (langing) og beredskap om nokon treng hjelp eller nokon å snakke med.
Det vil bli eit opplegg med natteravnar, vakter frå Securitas og politi m.m.
Mindreårige som er synleg rusa må rekne med at foreldre vil bli kontakta og bedne om å hente vedkomande heim.
Dei generelle for råda for godt smittevern i russetida høver også for denne kvelden:
- Hald deg heime om du har symptom på luftvegsinfeksjon, er sjuk eller i karantene.
- Hald god avstand til andre (minst 1 meter).
- Vask hender eller bruk hånddesinfeksjon ofte. Bruk handsprit før du deler ut russekort.
- Ikkje del flaske med andre.
- Hugs at det er mindre smitterisiko utandørs.
- Alle må avgrense kor mange dei er saman med for å redusere smittespreiing. For å ikkje ha for mange nærkontakter, kan det vere lurt å danne mindre, faste grupper som er saman. Til dømes kan dei som har buss saman vere ei gruppe, eller dei som er saman elles.
Tak likevel omsyn slik at ingen blir åleine. - Unngå å ta med ungdom som ikkje er russ i buss, bil eller i gruppa, for å unngå smitte til andre skular eller trinn.
- Last gjerne ned Smittestopp-appen for å bidra til rask og god smittesporing i tilfelle du eller andre er smitta.