Det vil bli litt etterarbeid, og kan vere korte periodar med manuell dirigering.
No er fyrste etappe av sikring i Eidsborgberget straks ferdig. Dei mest utsette murane der det har vore fare for utrasing har blitt sikra med armering og sprøytebetong. I tillegg er dei mest utsette skjeringane sikra med nett og sprøytebetong slik at ein skal unngå ras og steinsprang på dei mest utsette stadane.
Det skal sikrast meir i Eidsborgberget, men det arbeidet startar tidlegast opp i 2026, då med fleire skjeringar og murar.