Du er ein del av Noregs beredskap – Det er difor viktig at du er førebudd på å ta vare på deg sjølv i ei krise. Då bidreg du til at rednings- og beredskapsressursane kan prioritere dei som er i størst naud.
Sjølv om beredskapen styrkast, vil det alltid vera knappe ressursar i kriser. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) oppmodar deg til å vera forberedt på å klare deg sjølv heime, eller kanskje hjå familie eller venner, i nokre dagar.
Dramatiske naturhendingar, regionale straumbrot, mobilnett som er nede og krig er døme på at eigenberedskapen er endå meir aktuell. Det er viktig å ta grep, sjølv om det er fred i Noreg.
Beredskapskanalar
Tilgang på offisiell informasjon er viktig. NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til alle innbyggjarar, dersom andre nyhendemedium og offentlege nettsider ikkje er tilgjengelege.
Døme på beredskapslager
- 9 liter vatn per person (Her kan du lese om korleis du lagrar vatn)
- to pakker knekkebrød per person
- ei pakke havregryn per person
- tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
- tre boksar med pålegg med lang haldbarheit per person
- nokon posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
- medisin du er avhengig av
- ved-, gass eller parafinovn til oppvarming
- grill eller kokeapparat som går på gass
- stearinlys, lommelykt med batteri eller parafinlampe
- fyrstikker eller lighter
- varme klede, pledd og sovepose
- førstehjelpspakke
- batteridrevet DAB-radio
- batteri, lada batteribank og mobilladar til bilen
- våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
- tørke-/toalettpapir
- litt kontantar
- ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging