Tema for årets Eigenberedskapsveke er ØVE. Me oppfordrar alle innbyggjarar til å øve, og ta nødvendige grep for å styrkje eigenberedskapen.
Eigenberedskapsveka blir gjennomført frå måndag 30. oktober til sondag 5. november. På sikkerhverdag.no ligg fire enkle øvingar som alle kan gjennomføre på mobiltelefon, nettbrett eller pc. I tillegg blir det her gitt mange gode tips til korleis du kan få dekt grunnleggjande behov i ein krisesituasjon.