Norske myndighetar tilrår at flest mogleg er budde på å klare seg sjølve i ei veke. Det er fordi kommunar og nødetatar må prioritere dei som ikkje greier seg utan hjelp i ei krise. 

Eigenberedskapsveka 2024 er ei landsdekkande kampanje i regi av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), og held på ut denne veka. I løpet av kampanjeperioden vil DSB sende ei brosjyre i posten til alle husstandar, med oppdaterte råd om eigenberedskap .

For at du alltid skal ha lett tilgang til oppdatert informasjon om eigenberedskap, så har me også lagt inn "Eigenberedskap" som ein snarveg under fanen Sjølvbetjening i Civis-appen. Du vil også få krise- og beredskapsvarsel i appen (i tillegg til i andre kanalar).

Har du ikkje teke i bruk Civis-appen endå? Nedlastingslenker finn du her: https://www.civis.no/