Frå 1. november 2020 overtek Skatteetaten ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunane har i dag. Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar/kommunekasserar i Tokke kommune. Oppgåvene som overførast til Skatteetaten i november er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytta til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.

Meir informasjon kjem på nettsida til Tokke kommune og på skatteetaten.no.