Formannskapet vedtok i møte den 16.02.2022 framlegg til reguleringsplan for Fyrå, del av gnr 123 bnr 7 på Skafsåheia og utlegging på høyring/ offentleg ettersyn.  

Planframlegget legg til rette for etablering av veg fram til eksisterande hytter, skiløype-trasèar, høve til standardheving av hyttene, 9 nye tomter, m.m.

Frist for uttale til planframlegget er 31. mars 2022. Evt. høyringsfråsegner skal sendast postmottak@tokke.kommune.no merka med Reguleringsplan Fyrå.

Spørsmål til reguleringsplanen kan rettast til kommunalsjef Gunhild Austjord, tlf 350 75 200.

 

Saka med vedtak saman med planmaterialet finn du her