Tokke kommune har vedteke å legge ut framlegg til ny trafikksikringsplan for perioden 2023-2026 ut til offentleg høyring. Dei aktuelle trafikksikringstiltaka står lista opp i planen. Prioritering av dei aktuelle tiltaka vil bli gjort etter at vi har fått innspel i høyringsperioden. Det er særskilt fokus på trygg skuleveg for born og ungdom. Innspel og merknader til planframlegget skal sendast til postmottak@tokke.kommune.no innan 15. november 2022. Spørsmål kan rettast til kommunalsjef for plan-, næring og teknisk Gunhild Austjord eller arealplanleggar Knut Erik Paulsen på tlf 350 75 200.
Særutskrift - Framlegg til trafikksikringsplan for perioden 2023 - 2026