Fritidsinnbyggarar i Tokke (og Vest-Telemark) - sjå her

Det blir for fyrste gong arbeidd for å kvalifisere Vest-Telemark til merkeordninga «Berekraftig reisemål». Som ein del av merkeordninga skal det utførast ei gjeste- og fritidsbustadundersøking for å få viktig informasjon om gjesten/fritidsinnbyggaren si oppleving av dei ulike kommunane/stadene i Vest-Telemark.

Vest-Telemarkrådet eig prosjektet, og Visit Telemark er prosjektansvarlege. Alle dei 6 kommunane i Vest-Telemark har fatta vedtak i kommunestyra om å vere ein aktiv bidragsytar. Styringsgruppa består av representantar frå kommunane, reiselivsnæringa, næringslivet, frivillig sektor og destinasjonsselskap.

Du som fritidsinnbyggar er ein særs viktig del av reiselivet, lokalsamfunnet og utviklinga i det området der du har fritidsbustad, og vi håpar at du vil svare på undersøkinga!

Skann QR-koden eller klikk her for å kome til undersøkinga.

 
På førehand takk - meininga di er viktig❗️

QR-kode fritidsbustadundersøking2023_Vest-Telemark.jpg