I medhald av plan- og bygningslova § 12-10, vedtok formannskapet i møte 7. april å leggje framlegget ut til offentleg ettersyn. Planframlegget gjeld ny reguleringsplan for tidlegare regulert skiferbrot ved Visåsen. Målet med planarbeidet er å leggje til rette for uttak av kvartsskifer.

Evt. merknader til planframlegga skal sendast til postmottak@tokke.kommune.no innan 24. mai 2021, og merkast med kva planframlegg det gjeld.

For meir informasjon, ta kontakt med kommunalsjef for Plan, næring og teknisk etat, Gunhild Austjord.

 

Dokument i saka: