I medhald av plan- og bygningslova § 12-10, vedtok formannskapet i møte 20. oktober å leggje planframlegget ut til offentleg ettersyn. Reguleringsplanen gjeld framføring av veg til Granaroi, samt regulering av område kring to støylar/ hytter og ei ny tomt for etablering av hytteanlegg. Målet med reguleringsplanen er å leggje til rette for utvikling og oppgradering av eigedomen Klippingdalen.

Formannskapet sak 21/70

Retta føresegner etter vedtak Granaroi

Planomtale Granaroi

Plankart Granaroi

Evt. merknader til planframlegget skal sendast til postmottak@tokke.kommune.no innan 8. desember 2021.

For meir informasjon, ta kontakt med kommunalsjef for Plan, næring og teknisk etat, Gunhild Austjord på tlf 350 75 200.