No er tilbodet om HPV heimetest tilgjengelig på alle fastlegekontor i Norge. 

Livmorhalsprøver reduserer risikoen for livmorhalskreft. Kvinner mellom 25 og 69 år bør ta livmorhalsprøve kvart femte år.

Nokon har utfordringar med å ta gynekologisk undersøking hjå lege, og tek derfor ikkje livmorhalsprøver som anbefalt. Denne heimetesten for HPV kan ein ta sjølv. Heimetesten fangar opp HPV like bra som ei prøve tatt av legen, men den kan ikkje fange opp celleforandringar eller andre tilstander.

Livmorhalsprøve som tas av lege er derfor anbefalt for dei som har moglegheit til det. Heimetesten skal ikkje erstatte den ordinære livmorhalsprøva.  

 

Viss ein tykkjer det er vanskeleg å ta livmorhalsprøve ved gynekologisk undersøking (GU) hjå sin fastlege, kan ein be om å ta prøva hjå ein annan lege eller jordmor.

 

Kven kan få HPV heimetest frå fastlegen? 

  • Kvinner som ikkje har tatt livmorhalsprøve på minst 10 år. Desse kvinnene vil få eit brev i posten frå Livmorhalsprogrammet om at dei kan få heimetest hjå fastlegen.
  • Dei over 25 år som ikkje tar livmorhalsprøver grunna fysiske, psykiske eller kulturelle utfordringar med GU.

For meir informasjon sjå; https://www.kreftregisteret.no/screening/livmorhalsprogrammet/hvem-far-tilbud-om-hpv-hjemmetest/