Vedtak:

  1. PNT (plan, næring og teknisk) er for tida delt i ei avdeling for teknisk og ei avdeling for samfunnsutvikling. Det har fungert bra. Det var også strukturen fram til 2017, då avdelingane blei slått saman som eit innsparingstiltak. Dagens deling blir permanent vidareført med verknad frå 15.2.2023. Avdelingane skal leiast av kvar sin kommunalsjef.
  2. Administrasjonen skal, i samarbeid med tilsette og tillitsvalde, i løpet av våren 2023 ta endeleg stilling til kva for oppgåver som skal høyre under dei to avdelingane. Inntil dette er avgjort skal arbeidsoppgåvene vere lokalisert som i dag.
  3. Andre endringar som Telemarksforsking foreslår, blir vurdert i 2023 saman med tilsette, arbeidstakarorganisasjonane og leiing.

 

Teknisk etat:

Fagleg og løpande oppfølging/ansvar er det Geir Versto som har. Det overordna ansvaret for etaten er det kommunedirektøren som har, inntil ny kommunalsjef er på plass. 

 

Samfunn etat:

Knut Erik Paulsen er konstituert som kommunalsjef.