Vestfold og Telemark fylkeskommune har ulike tilskotsordningar som kan bidra til auka satsing på opplæring, næringsutvikling og entreprenørskap – med grøn omstilling og bærekraftige løysingar som overordna mål.

Under er eit utval av ordningane- sjå elles Vestfold og Telemark fylkeskommune - Tilskudd (vtfk.no)

 

  1. BIO-midlar – Bedriftsintern opplæring – søknadsfrist 15. mai 2022

Vestfold og Telemark fylkeskommune - Bedriftsintern opplæring (BIO-midler) (vtfk.no)

 

  1. Tilskotsordning for etablering av bedriftsnettverk eller klynger – Søknadsfrist 19.april 2022

Formålet med tilskotsordninga er å stimulere til klynge- og nettverksprosjekter i tråd med fylkeskommunens målsettingar om å løyse store samfunnsutfordringer og bygge opp under verdiskaping gjennom grøn omstilling. Det er i tråd med fylkeskommunens regionale planstrategi, Ditt og mitt Vestfold og Telemark samt tidlegare vedtekne planer.

Verksemder som samarbeider om utviklingsprosjekt gjennom innovasjon og FoU kan søke om tilskot. Prosjekt som er i tråd med fylkeskommunens planer og strategiar vil bli prioritert og alle tilsegn blir vurdert i høve til Innovasjon Norge sine tilskotsordningar.

Vestfold og Telemark fylkeskommune - Utlysning bedriftsnettverk og klyngemidler VTFK 2022

 

  1. TUF- Telemarkutviklingsfond

Fondet skal nyttas til formål i det geografiske området som utgjør Telemark Fylke på det tidspunkt som fondet vart oppretta.

Fondet skal vere eit verkemiddel for å skape og underbygge ein positiv befolknings- og næringsutvikling i alle delar av Telemark.

Fondet skal primært nyttas til realisering av målsettingar i regionale planstrategiar for Vestfold og Telemark fylke og tilhøyrande regionale og lokale planer. Fondet skal særlig støtte utviklingstiltak i næringssvake kommuner og kommuner med nedgang i folketalet.

Telemark Utviklingsfond – Telemark Utviklingsfond