Kva søkjar må gjere
- Du må søkje om endring av grenser. Med søknaden legg du eit kart som viser korleis grenser skal endrast.
- Søknaden må vera underskriven av heimelshavar/eigar.
- Eigarar av eigedomar som vert berørte, må gjeva samtykke til grenseendringa.
Kvar skal søknaden leverast
Søknaden din kan du levere på kommunehuset, epost eller med post:
- postmottak@tokke.kommune.no
- Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen
Kva gjer kommunen
- Søknaden din vil bli handsama i kommunen.
- Blir søknaden din av ein eller annan grunn avslegen, blir du varsla om dette.
- Om søknaden din blir godkjend, vil du og andre aktuelle partar bli varsla om tid og stad for når grenseendringa skal gjennomførast.
- I oppmålingsforretning vert nye eigedomsgrenser sett ut, merkt med offentleg godkjende grensemerke, målt inn etter gjeldande reglar og ført inn i Matrikkelen/eigedomsregisteret.
- Matrikkelbrev som inneheld oppdaterte opplysningar om din eigedom sender me til deg.