Tokke kommunestyre skal velje nye meddomarar til tingretten, lagretten, jordskifteretten og utval av skjønnsmenn for neste domstolsperiode – 1. januar 2025 til 31. desember 2028.
Etter domstollova § 67 skal meddomarane ha ei allsidig samansetjing av kjønn, alder, utdanning, inntekt, yrke, etnisk bakgrunn osb, slik at dei best mogleg representerar alle delar av befolkninga. Kommunenskal oppfordre ålmenta til å føreslå kandidatar til valet.
Det er vandelskrav til meddomarar slik at alle føreslegne kandidatar vil bli sjekka av politiet.
Du kan føreslå deg sjølv eller andre, men føreslår du andre må du innhente samtykkje frå vedkomande.
Forslag sendast postmottak@tokke.kommune.no eller du kan skrive brev til kommunen.
Frist for å fremje forslag er fredag 5.april