Etter §15 i lov av 6.juni 1975 om eigedomsskatt til kommunane, er liste over eigedomsskattane for 2020 lagt ut til offentleg gjennomsyn på økonomiavdelinga i 3 veker frå fredag 28.februar 2020.
Skattesatsen er 0,7% etter kommunestyrevedtak 12.12.2019. Eventuell klage på utskrivinga av eigedomsskatt må vera innsendt til eigedomsskattekontoret/økonomiavdelinga innan seks veker frå skattelista er lagt ut eller skattesetelen/fakturaen sendt ut.
Nye satsar for kommunale eigedomsgebyr er å finne på kommunens heimeside eller kan fåast ved å vende seg til kommunen.
Skattesetel for eigedomsskatt og innbetalingskort for 1.termin kommunale eigedomsgebyr og eigedomsskatt er sendt ut.
Plan, næring, teknisk etat/øk.avd., 28.februar 2020