Etter §15 i lov av 6.juni 1975 om eigedomsskatt til kommunane, er liste over eigedomsskattane for 2021 lagt ut til offentleg gjennomsyn på økonomiavdelinga i 3 veker frå måndag 1.mars 2021. Skattesatsen er 0,7% etter kommunestyrevedtak 10.12.2020. Eventuell klage på utskrivinga av eigedomsskatt må vera innsendt til eigedomsskattekontoret/økonomiavdelinga innan seks veker frå skattelista er lagt ut eller skattesetelen/fakturaen sendt ut.  

Nye satsar for kommunale eigedomsgebyr er å finne HER eller kan fåast ved å vende seg til kommunen.

Skattesetel for eigedomsskatt og innbetalingskort for 1.termin kommunale eigedomsgebyr og eigedomsskatt er sendt ut.
 

Plan, næring, teknisk etat/øk.avd., 26.februar  2021