Konsekvensen av dette er at ein må rekne med lenger saksbehandlingstid enn normalt for ein kortare periode. Det vil gjelde for post som kjem til kommunen mellom 20. desember og 10. januar. Post som kjem i denne perioden blir fortløpande opna, vurdert og journalført, men vil ikkje bli sakshandsama før etter 10. januar i nytt system.
Viktige meldingar og dokument vil likevel bli informert om til aktuell saksbehandlar direkte. Det er tekniske og praktiske avgrensingar som ligger til grunn for dette. Postlister vil vere tilgjengelege heile tida, men med redusert innhald. Frå 10. januar startar vi med sakshandsaming i nytt system og me håpar å vere ajour innan 1. februar.