I store delar av austlandet og vestlandet er det dei neste dagane meldt om store snomengder og sterk vind, noko som særskilt for byane og i fjellet kan skape utfordringar. 

Vérmeldinga for Vest-Telemark syner ikkje unormale mengder med sno eller vind, som me har enkelte vinterdagar, men Statsforvaltaren tilrår likevel at me informerar noko om det. 

Me legg difor ut nummeret til vakttelefonen, dersom de skulle koma over tre som har falt over kommunal veg. 

Vakttelefon veg : 992 02 510. 

Mesta tek seg av fylkesvegane.

Minner også om at ambulansen har fast oppmøteplass ved Tokke legekontor, ved straumstans og bortfall av mobilnett.