Vest-Telemarkrådet er eit regionalt samarbeidsorgan for kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje.
Vest-Telemarkrådet søkjer koordinator/ digitalisering og velferdsteknologi
Vi søkjer ein dyktig, målretta og engasjert koordinator som kan leie våre 6 kommunar inn i framtida og bistå dei i arbeidet med digitalisering og velferdsteknologi
Arbeidsoppgåver
Som koordinator for digitalisering og velferdsteknologi, skal du vera ein pådrivar for å realisere og vidareutvikle den vedtekne digitaliseringsstrategien og satsinga på velferdsteknologi for Vest-Telemark.
Vi kan tilby
Spennande arbeidsoppgåver i ei 100% stilling med løn etter kvalifikasjonar. Vi har gode pensjonsordningar, og kontorstad i eit inspirerande og triveleg miljø i næringshagen i Kviteseid.
Er du den rette?
Du har ein master- eller bachelorgrad og erfaring frå relevante fagområde.
Du bør ha god system- og organisasjonsforståing, god gjennomføringsevne og erfaring frå offentleg forvalting innan arbeid med digitalisering, velferdsteknologi, informasjonstryggleik og personvern.
Stillinga krev god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Vil du vite meir?
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med regionrådsleiar Anne Aasmundtveit på e-post aa@vt-radet.no eller telefon 402 38 178
Full utlysingstekst finn du på www.vt-radet.no
Søknad med CV sendast Vest-Telemarkrådet på e-post: aa@vt-radet.no
Søknadsfrist: måndag 10. mai 2021