Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 vedtok kommunestyret i møte 8. mars 2022, reguleringsplan for Granaroi, del av gnr 104 bnr 2, 3. Reguleringsplanen gjeld framføring av veg og regulering av område kring to støylar og ny tomt for etablering av hytteanlegg. Målet med reguleringsplanen er å leggje til rette for utvikling og oppgradering av eigedomen Klippingdalen.
Protokoll og retta planmateriale finn du her:
Kommunens vedtak kan påklagast innan tre veker av ein part eller andre med rettsleg klageinteresse i saka, jfr. Plan- og bygningslova §12-12 og §1-9. Klaga skal sendast skriftleg til postmottak@tokke.kommune.no. Ved evt. klage må det gjerast greie for kva sak det gjeld og grunngjeving for klaga.
Plan, næring og teknisk etat