Kva gjer du no om du blir smitta?
Det er no høg smittespreiing fleire stader i landet, og det er framleis viktig å fylgje dei grunnleggande smittevernsråda, og gjerne halde deg unna område med høgt smittepress.
Tokke kommune har per 24.11.21 ingen smitta i kommunen, og 85,7% av innbyggarane har fått 2 dosar med vaksine.
Om du får symptom på luftvegsinfeksjon er det framleis viktig å teste seg, og all testing blir no gjort med heimetest (hurtigtest).
Du kan hente heimetestar på legekontoret på Dalen i opningstida, og på ettermiddag/kveld på Åheim bufellesskap og legevakta i Åmot før klokka 2130.
Rettleiing for korleis du gjennomfører sjølvtesten fylgjer med i testpakka. Ved positiv heimetest skal du unngå kontakt med andre så langt du kan, og ta kontakt med legekontoret for å verifisere/kvalitetssikre resultatet med ein vanleg PCR-test.
Sjå også her: