Vest-Telemark PPT IKS er ei interkommunal teneste for kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke, Vinje og Vestfold-Telemark fylkeskommune. Kontorstaden ligg i Kviteseid sentrum.
Kontoret har 7 fagstillingar i tillegg til dagleg leiar og merkantil.
100 % fast stilling som PP-rådgjevar f.o.m. 01.08.2021
Vest-Telemark PPT arbeider med organisasjonsutvikling og individretta arbeid i barnehage samt i grunn- og vidaregåande skule. Jf. kap. 5 i opplæringslova og kap. 5 i barnehagelova.
Stillinga vil vere knytt opp til arbeid i grunn -og vidaregåande skule. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga på sikt.
Ønska kompetanse
Utdanning på Masternivå innafor spesialpedagogikk eller anna relevant utdanning.
Erfaring frå skule og/eller som PP-rådgjevar vil bli vektlagt, samt rettleiingskompetanse og god skriftleg framstillingsevne. I Vest-Telemark PPT nyttar ein nynorsk som skriftsspråk.
For søkjarar utan norsk som morsmål, er kravet C1 nivå i norsk i tillegg til kravet til å kunne nytte nynorsk som skriftsspråk.
Personlege eigenskapar
Gode analytiske evner, samt evne til refleksjon
Initiativrik, ansvarsfull og påliteleg
Evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
Gode kommunikasjons -og samarbeidsevner
Krav til stillingane
Søkjaren er personleg eigna
Søkjaren har førarkort kl. B og nyttar eigen bil i tenesta
Søkjarar med relevant testkompetanse vil bli vektlagt
Søkjaren bidreg til å oppretthalde vårt gode arbeidsmiljø
For stillingane kan vi tilby
Utfordrande og varierte oppgåver innan organisasjonsutvikling og individretta arbeid
Godt arbeidsmiljø
Engasjerte og dedikerte medarbeidarar
Gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom intern/ekstern skolering/kurs
Fleksitid
Moglegheit for heimekontor
Kommunale vilkår, pensjon i KLP
Køyregodtgjering etter regulativ
Løn etter gjeldande tariff i kommunal sektor
Om oss
For tida har vi fokus på fagutvikling innan nevroaffektiv utviklingspsykologi. Utviklingsprogrammet starta haust 2019 med psykolog Susan Hart og Marie K Olsen, båe frå Danmark.
Det er etablert nettverk for barnehagar og skular saman med PPT på området «Regulering gjennom leik». Kontoret har og etablert nettverksgrupper for skular og barnehagar på andre område.
Internt har kontoret fokus på organisasjonsutvikling med særleg fokus på implementering av ny kunnskap både internt og eksternt. Overordna leiaransvar ved kontoret har dagleg leiar. I tillegg arbeidar vi med å utvikle medarbeidarstyrte møte på definerte område. For å få til dette treng me dedikerte, ansvarsfulle og engasjerte medarbeidarar.
Har du kompetansen vi ser etter og synest det høyrast spanande ut å arbeide hos oss; er du velkomen som søkjar!
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Dei som blir kalla inn til intervju må leggje fram rettkjende kopiar av vitnemål, attestar og referansar.
Politiattest ikkje eldre enn 3 månader må leggjast fram før tilsetting.
Tilsetting skjer etter gjeldande lovar, reglar og tariffavtaler
Spørsmål om stillingane kan rettast til dagleg leiar Sissel Bronken på telefon 35 06 83 00/ 409 20 833.
Send søknad med CV til Vest-Telemark PPT, Boks 43, 3836 Kviteseid eller på e-post til ppt@vest-telemark.no
Søknadsfrist: 14.05.2021.
Antatt dato for intervju: 21.05.2021.
Søkjarlista kan bli offentleggjort