Når det gjeld bustadtomtene er vedtaket slik:
«Alle kommunale bustadtomter som er 10 år eller eldre vert gjevne bort gratis til personar som ønskjer å bygge nye bustader.
Byggjearbeidet på tildela tomt må setjast i verk i løpet av eit år etter at skøyte er skrive ut.»
Alle kommunale bustadtomter pr. i dag er over 10 år, og gjevast bort til dei som vil byggje bustad.
Tokke kommune har gode tilskottsordningar for dei som er under 35 år som ynskjer å byggje eller kaupe bustad.
I Kommunekart kan du aktivere kartlaget ledige bustadtomter. Zoom inn på aktuell tettstad for å sjå dei ledige tomtene.
Videofilm av tomtene produsert i samarbeid med Skodde Studio: