Renovest planlegg omlegging av dagens hytterenovasjonsordning, som etter planen skal iversetjast i åra 2020 - 2022. Dette inneber endringar i dagens returpunkt/ plassering av hyttekontainerar innanfor Tokke kommune. Planen er utarbeida med bakgrunn i avfallstatistikk frå dei siste åra, tilbakemeldingar frå spørjeundersøkinga som blei sendt alle hytteabonnentar i regionen, og av omsyn til logistikk og klimafotavtrykk.
Tokke kommune ynskjer med dette å gjennomføre ei lokal høyring av planframlegget som gjeld for Tokke. Etter høyringa blir det politisk handsaming, før vidare handsaming i selskapet Renovest. Planframlegget følgjer vedlagt.
Innspel/ merknader skal sendast til postmottak@tokke.kommune.no eller Tokke kommune, Storvegen 60 – 3880 Dalen.
For spørsmål, ta kontakt med kommunalsjef Gunhild Austjord eller konsulent Liv Ellen Beck på 350 75 200.
Frist for innspel eller merknader er 14. april 2020.