Tokke kommune vil takke lokalt næringsliv for at dei hjelper til for at kommunen skal bli best mogleg rusta for å ta i mot koronapasientar og ellers håndtere den situasjonen samfunnet no er i.
Mellom anna har bedriften Dalen Mekaniske på kort tid klart å produsere 70 stk visir til bruk for helsetenesta i Tokke.
Dette er er utstyr som det er mangel på, og som kommunen ikkje har fenge tak i på anna vis.
Også anna smittevernsutstyr byrjar å koma på plass, helsesenteret har isolerte sengeplassar for koronasmitta pasientar, og det er etablert eit eige koronateam som skal håndtere dei som er smitta av covid-19 virus.
Kommunens helseteneste kan no sei seg klar til å kunne ta i mot og pleie koronapasientar på ein fagleg forsvarleg måte.