I 14 dagar - fram til 18 januar, skal heile landet redusere sosial kontakt for å snu den aukande smittetrenden, og Tokke kommune fylgjer opp dei nasjonale råd og endringar i covid-19 forskrifta med desse lokale tiltak:
- Ungdomsskulen har drift på raudt nivå fram til 18.jan. Nærare detaljar om dette vert meldt elevar og føresette via VISMA.
Barnehagane, småskulesteget og mellomsteget held fram som før på gult nivå. - Ungdomsklubben held stengt - førebels til 18.jan.
- Tokkebadet held stengt, og symjebassenget i Høydalsmo opnar heller ikkje slik som tidlegare planlagt.
- Kulturskulen gjennomfører heimeundervisning.
- Bygdekinoen er avlyst i perioden.
- Tokkegym og badstoga "Soria Moria" er stengt i perioden.
- Biblioteket på Dalen og i Høydalsmo er ope når det er bemanna, opningstidene gjeng fram av heimesidene:
https://www.tokke.kommune.no/bibliotek.482859.nn.html -
For besøk til sjukeheimen og omsorgssenteret så vert det lagt ut nærare informasjon i ein eigen artikkel seinare, men kommunen oppmodar pårørande om å begrense besøk fram til 18.jan.
Har du spørsmål om dette kan du ringe beredskapskoordinator Olav Bjørn Bakken på 900 54 978.