Det er ei meldingsteneste mellom helsestasjon, skulehelsetenesta, helsestasjon for ungdom HFU, jordmortenesta og innbyggjarar via Helsenorge (HN).
Her kan innbyggjar på ein sikker og trygg måte sende og motta meldingar, få oversikt over avtaler, motta varslingar og få tilgang til relevant informasjon. Digihelsestasjon gjev høve til å kommunisere med helsestasjonen og skulehelsetenesta på nett. Meldingane kjem direkte inn i Elektronisk Pasient Journal (EPJ).
Innbyggjar får varsel om ny time, påminning og høve til å avbestille timar på nett via HelseNorge.
Dette er og nytt for dei tilsette ved helsestasjonen og ein ber om forståing for at det kan oppstå kontaktproblem.
Informasjon om helsestasjonstenester på Helsenorge og innlogging