I forbindelse med den pågåande krisa i Ukraina, vil Tokke brannvesen gjennomføre ein innsamling.

Brannvesenets hovud oppgåva er å bidra i fyste innsats når det skjer ei ulykke eller ei krise, derfor ynskjer me å støtte Røde kors arbeid ved akuttmottaket i Skien og at innsamla midlar blir øyremerkte nødvendige hygieneartiklar for dei kvinnene som kjem dit. Desse har flykta frå eit land i krig, der dei har mista det meste av det dei eig.

 

Dei som vil bidra i aksjonen kan overføre til kontonr: 2610 22 02855 eller VIPPS: 128354

Fint om dette merkes med: Ukraina TBV

 

Ein veit også at det er mange born som har opplevd mykje vondt, og me ynskjer difor å gje våre eigne born og ungdomar moglegheit til å bidra ved å samle inn kosedyr (hugs at dei må vere heile og reine).

Me ynskjer å vise fram den fine brannstasjonen som me har bruka dei siste åra på å pusse opp.

Her blir det anledning til å prøve ulike arbeidsoppgåver som brannkonstablar må beherske. Det vert også mogleghetar for å sitte i brannbilane.

Ulike demonstrasjonar vil pågå i løpet av kvelden.

Enkel servering av vaflar, kaffe og saft.

I tillegg er me så heldige at vår eigen brannbamse BJØRNIS kjem for å helse på borna i 17-tida.