Den svært etterlengta gang- og sykkelvegen ved Vistadmoen er klar til bruk, og i dag var det offisiell opning med taler, snorklypping, samt servering av suppe, kaffe og kake. 

Det er bygd straum, vatn og avløp ned i bakken så det er også tilrettelagt for å kunne utvide næringsområdet.

Vegen er på omlag 760 meter og knyter saman gang- og sykkelvegen frå sentrum med turområder ved Vistad bru. No kan endeleg innbyggarane ferdast trygt i haustmørkret framover. 

Takk til alle involverte partar for den godt utførte jobben.