*Sirkeltrening
Når: Fredagar kl. 14.00 - 15.00 (oppstart 6. september)
Kor: Elvarheim
Målgruppe: Alle som ynskjer funksjonell styrketrening for heile kroppen. Nivået på treninga vert tilpassa kvar enkelt deltakar.
Booking: Deltaking krev ikkje booking.
*Bassengtrening
Når: onsdagar kl.13.30 – 14.30 (oppstart 25.sept)
Kor: Tokkebadet
Målgruppe: Personar som treng ein alternativ treningsmetode, og ikkje kan nytte seg av anna tilbod.
Booking: Deltaking krev booking på www.tokkenett.no. Maks 10 personar.
Pris: Eigenandel (kr 135 -,) følgjer takstplakat opp til frikort.
*60+ styrketrening
Når: Tysdagar kl. 10.00 - 11.00
Kor: Tokkegym på Dalen
Målgruppe: Dette er eit tilbod for vaksne over 60 år som ynskjer variert styrketrening der ein sjølv har moglegheit for å styre treninga. Fysioterapeut er til stade for rettleiing ved behov.
Booking: Dette tilbodet krev ikkje booking. Om du ynskjer å bli med i gruppa, ta kontakt med fysioterapeutane på førehand.
Pris: Alle som deltek må ha medlemskap i Tokkegym. Dette kan kjøpast på kommunehuset: 300 kr for 6 mnd og 600 kr for eit heilt år.
Kontakt:
Jette Bergfjord, fysioterapeut Tlf: 46931427 jette.bergfjord@tokke.kommune.no
Mari Svendsen, fysioterapeut Tlf: 47653192 mari.svendsen@tokke.kommune.no