*Sirkeltrening
Når: Fredagar kl. 14.00 - 15.00 (oppstart 17. januar)
Kor: Elvarheim
Målgruppe: Alle som ynskjer funksjonell styrketrening for heile kroppen. Nivået på treninga vert tilpassa kvar enkelt deltakar.
Booking: Deltaking krev ikkje booking.
*Bassengtrening
Når: onsdagar kl.13.30 – 14.30 (oppstart 15.januar)
Kor: Tokkebadet
Målgruppe: Personar som treng ein alternativ treningsmetode, og ikkje kan nytte seg av anna tilbod.
Booking: Deltaking krev booking på www.tokkenett.no. Maks 10 personar.
Pris: Eigenandel (kr.135 -,) følgjer takstplakat opp til frikort.
*60+ styrketrening
Når: Tysdagar kl. 10.00 - 11.00
Kor: Tokkegym på Dalen
Målgruppe: Dette er eit tilbod for vaksne over 60 år som ynskjer variert styrketrening der ein sjølv har moglegheit for å styre treninga. Fysioterapeut er til stade for rettleiing ved behov.
Booking: Dette tilbodet krev ikkje booking. Om du ynskjer å bli med i gruppa, ta kontakt med fysioterapeutane på førehand.
Pris: Alle som deltek må ha medlemskap i Tokkegym. Dette kan kjøpast på kommunehuset: 300kr for 6mnd og 600kr for eit heilt år.
* Bekkenbotn- og barselstyrketrening
Når: 8 veker. Startsamtale og testing veke 6-8. Retest veke 18.
Måndag 24.feb, 03.mars, 10.mars, 17.mars, 24.mars og 7.april. OBS! Tysdag 1.april og 22.april. Kl. 12.30 -13.30.
Kor: Terapiavd. ved Tokkebadet.
Målgruppe: For vaksne som er gravid eller er i barsel og andre vaksne som har ein svakheit i bekkenbotn som krev rettleiing av fysioterapeut med spesial kompetanse. I tillegg er det tilpassa generell styrketrening retta mot barselkvinnar.
Booking: 10 deltakarar. Før ein kan få plass i gruppa må ein ha vore til samtale og vurdering hos fysioterapeut. Ta kontakt med fysioterapeut ved ynskje om deltaking i gruppa.
Pris: Eigenandel følgjer takstplakat opp til frikort. Undersøking kr. 201,- per gong og kr.109-, per gruppetrening.
Kontakt:
Jette Bergfjord, fysioterapeut Tlf: 46931427 jette.bergfjord@tokke.kommune.no
Sigrid M. Aarsland, fysioterapeut Tlf: 47653192 sigrid.michaelsen.aarsland@tokke.kommune.no