Vi har engasjert Travers Lab AS til å kartlegge behov, utfordringar og moglegheiter knytt til morgondagens næringsliv. Dei har utarbeida ein rapport som syner resultat frå kartleggingsarbeidet.
Det er gjennomført intervju med næringsdrivande, ein open og digital arbeidsverkstad, og det er gitt høve til å kome med innspel på Tokke kommune sine heimesider. Det er i tillegg gjennomført ei spørjeundersøking som er retta mot ungdom og framtidige mål og ynskje som og kan nyttast i vidare arbeid.
Vidare arbeid vil bli basert på kartlegging, undersøkingar og innspel.
Forslag til ny næringsplan vil bli lagt ut på høyring i april/ mai 2023.