«TANKEVIRUS»
Tankevirus er ein premiert metode (Helseprisen 2016) som blir retta mot førebygging og tidleg behandling av lette til moderate psykiske plager. Tankevirus er basert på normalpsykologi og grunnprinsipp frå metakognitiv og kognitiv åtferdsterapi, og beskriv logiske feilslutningar som ulike "tankevirus" som kan bli kan behandla med "psykologiske vitamin." Les meir her, på www.tankevirus.no
Tankevirus er eit kurs for deg som ynskjer å lære om korleis tankar og merksemd påverkar korleis du har det.
Kurset går over 3 gonger, ca. 1,5 time kvar gong
- Samling 1: Vårt psykologiske immunforsvar
- Samling 2: Tankevirus
- Samling 3: Psykologiske vitamin
For meir informasjon om tilbodet og påmelding:
For påmelding og informasjon om tidspunkt og oppmøtestad, ta kontakt med oss på e-post: rph@vest-telemark.no eller ring oss på telefon 90 67 01 30. Kurset er gratis.
«ER DET BERRE MEG?»
Livet skjer med oss alle og d
Program for kurset:
- Samling 1: TANKEKLUSS
Du vil får ei innføring i kva tankar, grubling og bekymring er, og ulike verktøy for å handtere dette. - Samling 2: KLUMP I MAGEN
Du vil få ei innføring i kva kjensler er, kva kjensler me har, kva funksjonar dei har, stressrespons og korleis me kan handtere og tole vanskelege kjensler. - Samling 3: EG KAN
Du vil få ei innføring i kva sjølvkjensle er, kva som kan styrkje og svekkje sjølvkjensla, forskjell på sjølvkjensle og sjølvtillit, og korleis sjølvkritikk påverkar oss.
Ta kontakt for meir informasjon om kurset, varigheit, tidspunkt for oppstart – og påmelding: e-post
For meir informasjon om tilbodet og påmelding:
Ta kontakt for meir informasjon om kurset, varigheit, tidspunkt for oppstart, og påmelding. Send e-post til rph@vest-telemark.no eller ring oss på telefon: 90 67 01 30.
Kurset er gratis.
«STÅ OPP» SØVNBEHANDLING
Tilbodet er for deg som har langvarige søvnvanskar / insomni.
Behandlinga er basert på kognitiv åtferdsterapi, som er anbefalt behandlingsmetode for personar med langvarige søvnvanskar. Kjerneelementa til behandlinga er søvnrestriksjon og stimuluskontroll. Dette er velkjende og godt dokumenterte metodar i behandling av kroniske søvnvanskar. Behandlingsprogrammet er og kvalitetssikra gjennom systematisk innsamla data i samarbeid med Folkehelseinstituttet, og resultata er presenterte i ein vitskapleg artikkel i Tidsskrift for Norsk psykologforeining, august 2020.
Tilbodet består av totalt sju samlingar, med opplæring i søvn, søvnrutiner, og kva endringar du kan gjera for å få betre søvn.
Behandlinga er krevjande for deltakarane, men effektiv. Det er viktig at du er motivert, og klar til å gjere endringar i søvnen. Du jobbar på eigehand med det du har lært i gruppa mellom samlingane.
For meir informasjon om tilbodet og påmelding:
Me ynskjer å invitere deg til ei samtale for å vurdere om dette behandlingstilbodet er noko for deg. Ta gjerne kontakt med oss på e-post: rph@vest-telemark.no eller på telefon: 90 67 01 30. Tilbodet er gratis.