SFO i Tokke er eit frivillig omsorgstilbod for barn frå 1. - 4. klasse. Ved særskilde høve gjeld tilbodet for barn t.o.m. 7. klasse.
SFO skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna, og gje omsorg og tilsyn. I 2021 blei det innført ein rammeplan for SFO som skal bidra til eit meir likeverdig tilbod over heile landet. Vi ynskjer at den nye rammeplanen skal vere synleg i dei lokale årsplanane våre.