Det er sendt ut informasjonsbrev til alle skogeigerane i Tokke om nye skogbruksplanar i kommunen. Skogbruksplan er eit nyttig verktøy for skogeigaren. Nå får ein også skogbruksplanen digitalt, og kan oppdatere den ettersom ein gjer tiltak i skogen. Kommunen oppmodar alle skogeigerane til å bestille skogbruksplan. Har du spørsmål er det bare å ta kontakt med skog- og utmarksrådgjevar Per Wraa på telefon 35 07 52 44.
Kom på informasjonsmøte den 16. juni klokka 1900. Obs: Ny møtestad er kommunestyresalen på Tokke kommunehus.